søndag 13. februar 2011

"Reading the Word and Reading the World." (Paulo Freire 1991)


Freire samanfattar kort noko av det eg trur Skaftun og Penne er opptekne av i pensumsidene i høvesvis ”Litteraturens nytteverdi” og ”Litteratur og film i klasserommet”. Dei meiner norskfaget bør forandrast, for å møte dei nye behova som dukkar opp i kjølvatnet av at verda er i rask forandring når det kjem til bl.a. språk og media.
Ungdom i dag har ein heilt annan kvardag enn den eg hadde då eg veks opp på 70-80-talet. I mi tid var det ikkje barne-TV kvar dag, medan du no kan sjå på barne-TV heile dagen. Når eg set meg ned og ser på barne-TV med den 4-årige nevøen min skjer det meste i programmet raskt. Barn i dag er i stor grad vande med å ta i mot mange inntrykk raskt og dei er vande med å bruke digitale hjelpemiddel som ikkje ein gong fanst då eg veks opp, som dvd-spelar, pc og mobiltelefon.  Dei tolkar det dei ser, høyrer og les meir eller mindre bokstaveleg. Kva gjer dette med dei unge i dag og deira behov for innhald i norskfaget?
Skaftun og Penne hevdar at dei unge i dag treng reiskapar til å tolke inntrykka dei får, for å bli best mogleg rusta til å møte verda og ikkje minst forstå språkleg kommunikasjon.  I bøkene sine legg dei fram ein del teoriar rundt temaet. 
Skaftun seier at skjønnlitteratur ikkje lenger er ein sjølvsagt del av barn og unge sine liv. I dag ser barn og unge på TV framføre å lese ei bok. Men han hevdar vidare at det er viktig å arbeide med skjønnlitteratur, for å lære om metodar og tenkemåtar som er nyttig andre stadar i livet. Skaftun meiner elevane treng å utvikle literacy, eit omgrep han legg fram ulike definisjonar for. Han seier blant anna at omgrepet er i stadig endring og at det er ein metafor for kompetanse. (Skaftun 2009: 39) Bill Green sin modell samanfattar omgrepa språk, meining og kontekst som literacy. Dette er kanskje den modellen som enklast illustrerer omgrepet, noko eg er einig i. (Skaftun 2009: 39)
Skaftun gjer kort oppsummert greie for ei rekke med teoriar om literacy, skriftkulturelle praksisar, ferdigheiter og litteraturfagsteoriar. (Skaftun 2009: 88) Noko av poenget hans med å gjere dette er å få oss til å tenke over undervisninga vår og ikkje la oss påtvinge nye metodar utan å tenke sjølve.  Kva er best for elevane? Nett dette er noko me lærarar treng å høyre i og med at me heile tida får nye metodar me skal bruke i undervisninga frå leiinga ved skulen, men det er ikkje dermed sagt at desse metodane er betre enn dei me allereie brukar. Samstundes er det viktig å ha evna til omstilling, for å drive ei best mogleg undervisning for elevane i den stadig omskiftande verda. Har du ikkje evna til å omstille deg, så er det ikkje lett å vere lærar. Men etter klokka har ringt er det ikkje lett å setje seg ned og lese metodikk og didaktikk. Det viktigaste blir prioritert fyrst og det er undervising, planlegging og vurdering,  og då er det ikkje mykje tid att til lese faglitteratur, reflektere over dette og setje desse nye metodane ut i live i undervisinga. Eg vil ha konkrete metodar.  
I høve til Skaftun synest eg at Penne er ein god del meir konkret. Ho gjev oss ein del døme frå klasseromet på metodar som kan brukast i undervisinga, for å opparbeide evna til literacy. Penne definerer literacy som: ”et uttrykk for det metaspråket vi alle trenger for å kunne tolke og forstå både litteratur, film og den verden vi lever i” kort og greit. (Penne 2010: 16) ”Forskning viser at det er en forståelse i bøkenes verden som er og blir forutsetningen for hvordan barn og unge kan nyttiggjøre seg andre medier.” (Tønnesen 2000/Penne 2010: 18) Barn og ungdom treng no som før gode døme på situasjonar i livet, for å skape gode haldningar til korleis dei skal handtere livet. Dette må me gje dei gjennom litteraturundervising der me tolkar og forklarar saman med dei og ikkje bare overlet dei til å finne ut av ting sjølve. Dei treng å opparbeide evna til tolking saman med læraren. Penne gjer og greie for forsking som seier at det er svært viktig for barn kva slag forhold til lesing dei har fått med seg heimanfrå og at mor sin yrkesstatus er viktig for deira evne til å lære. (Penne 2010: 34 og 31) Denne forskinga syner oss kva som gjer det lettare for nokre born å ta i mot lærdom på skulen, men verda forandrar seg.
Medan eg las bøker då eg var ung ser elevane i dag på TV.  Penne seier og at norskfaget før handla om språk og litteratur, medan det i dag handlar om å vere i stand til ”å handtere det multimodale livet i informasjonssamfunnet.” (Penne 2010: 26-27) Dette treng norsklærarane å ta inn over seg i større grad. Korleis skal me undervise elevane for at dei skal bli best mogleg rusta for livet? Korleis skal me få elevane til å sjå det dei ser på TV som fiksjon og ikkje sanning? Korleis skal me få dei til å tolke det dei ser? Teoretikarane Robert Scholes og James Paul Gee inkluderer omgrepet moderne media i si tolking av omgrepet literacy: ”å være i stand til å tolke, forstå og skape sekundærdiskurser.” (Penne 2010: 46) Scholes meiner den raude tråden i tekstarbeidet bør vere språk, form og retorisk forføring. (Penne 2010: 46) Dei grunnleggande ferdigheitene i K06 støttar opp om nettopp dette Scholes seier. Eg vil og sei meg einig med Penne om at K06 vektlegg ferdigheiter framføre innhald med vekt på metaspråkleg kompetanse og retoriske perspektiv. (Penne 2010: 19) Korleis kan eg arbeide med dette?
Scholes skisserer eit undervisingsopplegg for engelsk i high school som eg kan tenke meg å prøve med nokre elevar eg underviser i norsk når dei startar på vg2 (yrkesfag). Men for å gjennomføre opplegget vil eg gjerne ha ein time eller to til i veka, for å forsterke læringsprosessen deira. Opplegget dekker meir eller mindre alle måla i norsk for vg1 studieforebuande og vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram i K06. Scholes sitt undervisingsopplegg har seks delar:
1.       Voices of modern culture.
2.       ”Stranger in the Village”: Encountering the Other, Being the Other.
3.       Cultures and Voices in a Single Text.
4.       Inheriting Earlier Voices. *
5.       Film, Language and Culture.
6.       Mediating Culture/The Representation of Events and People.
*Eg har meir eller mindre prøvd dette med ei klasse i u-skulen. Me brukte ikkje åtte veker på å dramatisere heile ”Tatt av kvinnen”, men det gav elevane heilt klart eit godt læringsutbytte å ha lest romanen og dramatisert delar av han før dei såg teaterstykket i Oslo. Dei gjekk ut av Oslo Nye Teater og var fornøgde samstundes som dei samanlikna sine dramatiseringar med korleis teaterstykket var gjort. Det kan vel kallast danning?
Målet med metoden er å bli betre til å lese og skrive, men også å utvikle literacy. (Penne 2010: 47-49) For å gjere elevane betre rusta til å tolke verda er det og  viktig at me lærarar utviklar eit tolkingsfellesskap og ein god skrivekultur (viss det ikkje allereie er det i klassa)slik at elevane veit kva som forventast av dei, og kva dei skal skrive og korleis dei skal skrive. Gjennom å ha klare mål for arbeidet medan ein arbeider etter metoden er det og lettare for både elev og lærar å sjekke validiteten av arbeidet. Me bør søke å oppnå målet om literacy, for å gje elevane best moglege reiskapar til livet. Georg Brandes sa det treffande: ”Det er, naar Alt kommer til Alt, langt mindre vigtigt hvad man læser, end at man læser det Læste godt” (Brandes 1908: 20/Skaftun 2009: 7)


2 kommentarer:

  1. Flott innlegg! Jeg skulle gjerne ha hørt mer om dramatiseringsopplegget ditt. Hvordan løste du det rent praktisk med utstyr, vurdering osv.?

    SvarSlett
  2. Godt innlegg. Jeg likte særlig godt den nostalgiske innledningen din, som jeg kunne kjenne meg igjen i. Du skriver godt, og nynorsk tar seg jo meget godt ut i alle sammenhenger.
    Jeg ser at innlegget ditt blir litt som mitt eget etterhvert, idet det blir vanskeligere å leke med det teoretiske fordi stoffet er vanskelig.

    Interessant at du hadde prøvd ut deler av Scholes metode. Jeg skulle gjerne hørt mer om det, og gleder meg til selv å prøve det ut, men da tenker jeg å prøve et eldre stykke som kan bearbeides i flere epoker – slik Scholes også foreslo.

    SvarSlett