søndag 20. februar 2011

A-ha (og nei, eg snakkar ikkje om popgruppa)!


 Trust is the Key to Web 2.0 by kid.mercury
Bilde: CC-lisens via flickr.com

Eg har lest noRskbokA.no av Leif Harboe og oppdaga ei ny verd, Web 2.0-verda. Det har gått opp ganske mange ljos for meg om at eg ligg totalt i bakevja når det gjeld bruk av data, og eg som trudde eg klarte meg brukeleg, i alle fall samanlikna med ein del kollegaar. Med omsyn til dette er det kanskje ikkje rart at elevane mange gonger ser ut som dei synest dei fleste oppgåvene me lærarar kjem drassande med er utruleg kjedelege. Så kva gjer dette med lese-og skrivevanane våre og ikkje minst elevane sine vanar? Er det på tide å legge vekk dialog 1 (Gyldendal si norskbok for vg1, yrkesfag)?
Skaftun seier at skjønnlitteratur ikkje lenger er ein sjølvsagt del av barn og unge sine liv. (Skaftun 2009) Det dei les er gjerne tekstar dei kan lese på mobil og pc, og ifylgje Penne må våre unge vere i stand til ”å handtere det multimodale livet i informasjonssamfunnet.” (Penne 2010: 26-27) Korleis forandrar den nye Web 2.0-kulturen lese- og skrivevanane våre?
Bruken av internett har allereie ført med seg mange forandringar når det gjeld lesevanane våre. Salet av laussalsaviser går stadig ned (journalisten.no), fordi folk les dei på nett. Det er truleg at dette kjem til å halde fram sidan dei aller fleste i dag har tilgang til pc og internett, heime, på arbeid eller på skulen. Når elevane skal finne svar på oppgåver brukar dei sjeldan oppslagsverka i biblioteket, dei finn det dei treng på nett (og med tanke på dette bør me trene elevane i kjeldekritikk (Harboe 2010: 55-57)). Me brukar internett til å lese og analysere, til å produsere, og til å kommunisere og dele. Internett har blitt allemannseige. Det har gått frå å vere eit medium der nokon skreiv og andre las til å vere eit medium der alle les og alle skriv.
Før i tida skreiv folk brev til kvarandre (eller ringde). I dag sender me e-post, tekstmeldingar, skriv meldingar på fb, twittrar korte spørsmål, svar og kommentarar til kvarandre om ulike tema eller bloggar for å kommunisere. Me brukar bloggar til å skrive om ulike tema som t.d. undervising, mat og mote, men og til å skrive om personlege erfaringar om kriser i livet. Unge menneske brukar blogging til å handtere kjensler av ulike slag. Dei er mykje meir opne om ting enn den eldre generasjonen. Sosiale media på nettet er elevane sin fritidstekst, nettsamfunn som t.d. fb er eit sosialt medium og ein digital tekst som faktisk blir skrive meir i i dag enn det blei gjort i starten. Unge i dag finn truleg svært mykje av informasjonen dei søkjer på internett.
Nasjonalbiblioteket er i ferd med å digitalisere ei mengd tekstar, men dette er ikkje det same som at generasjonen av i dag kjem til å starte å lese desse bøkene sjølv om dei blir digitalisert. Dei unge i dag er oppvaksne med tv-en som den sterkaste kulturformidlaren. Tv er eit medium der inntrykka kjem raskt og utan for mykje tekst av gongen. Dette har ført til at dei unge er vande med å ta i mot inntrykk raskt. Ei bok fungerer ikkje på same viset, som regel må du lese ein del sider før det blir spennande. Dette er likevel ikkje det same som at me lærarar bør gje opp å la elevane våre lese bøker og andre tekstar. Kanskje bør det i endå større grad setjast av tid til høgtlesing og femten minutt med individuell stillelesing (når dei er i stand til det) kvar dag for elevane i grunnskulen, for å sikre at dei får lest? Me bør deretter hjelpe elevane til å tolke innhaldet i bøkene gjennom forskjellige oppgåver. Dette bør me gjere for å ruste elevane til å tolke verda og det som skjer i ho betre, for som diskutert i blogginnlegg 2 treng elevane å utvikle literacy, og det gjer dei ved at me brukar forskjellige læringsmetodar når me underviser om bl.a. litteratur. Så korleis utnytte Web 2.0-kulturen i klasseromet og då med tanke på vidaregåande skule sidan elevane i grunnskulen enno ikkje har tilgang på kvar sin pc?
Facebook er eit digitalt verktøy som alle elevar kjenner og dei aller fleste brukar det. Ein av kollegaane mine har brukt det til å få elevar som strevar med å få gjort ting i timane til å levere inn korte oppgåvesvar. Men fb kan brukast til mykje meir, t.d. å analysere fb, lage fiktive sider for t.d. Amalie Skram, studere språket, opprette grupper for gruppearbeid og  skrive statusoppdateringar på nynorsk.
Eit anna digitalt verktøy elevane lett kan bruke i det norskfaglege arbeidet (og i mange andre fag) er blogg. Det finst mange moglegheiter for bloggoppgåver, t.d. å analysere og vurdere bloggar som sosialt fenomen, samfunnsaktør eller som tekst eller kommunikasjon. Ein kan lage prosjektblogg, leseblogg, vurderingsblogg, refleksjonsblogg, opprette blogg om fiktive personar som t.d. litterære personar. Elevane kan og få i oppgåve å gå inn og lese og kommentere medelevane sine bloggar. På den måten blir læringsprosessen og eit personleg lærande nettverk (PLN). Moglegheitene er bare avgrensa av vår fantasi.
Google Dokumenter er eit skrivemessig nyttig digitalt verktøy og er rett og slett ”skriving, lagring, deling og publisering på nett” (Harboe 2010: 80) Dette digitale verktøyet er ein fin skrivereiskap for gruppearbeid. I Google Dokumenter er det mogleg for fleire å skrive i teksten samstundes, og når arbeidet er ferdig kan dei eventuelt dele han med medelevane og andre på nett. Denne reiskapen, saman med Web 2.0-verktøya generelt, gjer det lett å samarbeide med folk over alt i Noreg og i verda.
Wikispaces.com er eit anna digitalt verktøy som læraren kan bruke som fagside med fakta, lenker og oppgåver. Denne sida kan elevane og vere med på å utforme, eller elevane kan utarbeide ei fagwikiside om eit tema eller prosjekt dei arbeider med. Det er mange moglegheiter.
Ved å bruke dei nye digitale verktøya er det lett å skape multimodalitet. I tekst.no definerer Schwebs og Otnes det slik: ”I middelalderens illuminerte håndskrifter ble begynnelsesbokstav og bilde vevd sammen i ett utrykk – miniatyren. [] Det faktum at skrift må skrives med noe på noe, viser at den har flere egenskaper eller ”modaliteter”.” (Schwebs og Otnes 2006: 111) Elevane kan med få tastetrykk skape samansette tekstar som er eit av måla i K06 av desse nye digitale verktøya. Det er ingen sak å legge inn ein video frå YouTube eller bilde frå flickr (så sant dei er informert om opphavsretten), eller dei kan nytte Photo Story 3 eller PowerPoint 2010. På grunnlag av eiga erfaring kan eg seie at eg har vore forsiktig med å sette elevane i gange med samansette tekstar, fordi eg er så usikker på korleis eg skal vurdere det, men her gjev Harboe heldigvis gode tips (Harboe 2010: 129-133).
Det å bruke Web 2.0-kulturen kan gje elevane ei kjensle av å skrive noko som er til nytte for andre og kanskje gjere dei meir motiverte i norskarbeidet. Samstundes får dei og utnytta sine digitale ferdigheiter i ein konstruktiv prosess. Men før ein nyttar sosiale media innan Web 2.0-kulturen som t.d. blogging til undervising er det viktig at ein har lagt klare premiss for kva bloggen skal innehalde og laga køyrereglar for han (Harboe 2010: 101-102). Når ein innfører nye verktøy i klasseromet bør ein som lærar kjenne reiskapen godt og sørge for å gje elevane best mogleg instruksjonar i korleis dei skal gå fram og gje dei øvingsoppgåver i å bruke det digitale verktøyet. Elevane er i stor grad vande med å bruke verktøy i dataverda, så det bør gå ganske greitt i forhold til dei fleste media. Men eit viktig atterhald her er elevane sine faglege nivå. Ein del fagleg svake elevar kan nok finne flickr sine nettsider litt vanskelege å navigere rundt i m.o.t. engelsken.
Dette bringer og opp det faktum at ein del fagleg svake elevar har problem med å nytte pc-en til det dei skal. Dei brukar i stor grad pc-en til musikk, spel og ikkje minst sosiale media som fb. Eit anna problem er at dei ofte kan ha meir enn nok med å finne fram i skulen sin læringsplattform som kan ha ei ganske forvirrande organisering som fronter er eit godt døme på. For desse elevane er det truleg viktig å avgrense dei digitale verktøya slik at ting ikkje blir for forvirrande. Dei kan til dømes ha meir enn nok med å administrere Microsoft Office Word og då blir det forvirrande om læraren innfører Google Dokumenter og.
PLN er eit medium som ikkje bare elevane kan ha nytte av, men me lærarar bør bli flinkare til å nytte oss av det, for å skaffe oss nye idear og metodar til undervisinga slik at me blir meir tidseffektive, men samstundes meir kreative og ikkje minst nytenkjande. Men eg trur mange av oss heng att i den gamle ”bok-og undervisingskulturen” av ulike grunnar som t.d. mangel på tid og ork, eller datavegring. Samstundes har K06 pålagt oss å bruke digitale media i undervisinga, så det er ingen veg tilbake. Me må ta fatt i Web 2.0-kulturen om me vil eller ei. Bloggen del og bruk 10 ting kan vere ei god hjelp til å kome i gang med Web 2.0-kulturen.

søndag 13. februar 2011

"Reading the Word and Reading the World." (Paulo Freire 1991)


Freire samanfattar kort noko av det eg trur Skaftun og Penne er opptekne av i pensumsidene i høvesvis ”Litteraturens nytteverdi” og ”Litteratur og film i klasserommet”. Dei meiner norskfaget bør forandrast, for å møte dei nye behova som dukkar opp i kjølvatnet av at verda er i rask forandring når det kjem til bl.a. språk og media.
Ungdom i dag har ein heilt annan kvardag enn den eg hadde då eg veks opp på 70-80-talet. I mi tid var det ikkje barne-TV kvar dag, medan du no kan sjå på barne-TV heile dagen. Når eg set meg ned og ser på barne-TV med den 4-årige nevøen min skjer det meste i programmet raskt. Barn i dag er i stor grad vande med å ta i mot mange inntrykk raskt og dei er vande med å bruke digitale hjelpemiddel som ikkje ein gong fanst då eg veks opp, som dvd-spelar, pc og mobiltelefon.  Dei tolkar det dei ser, høyrer og les meir eller mindre bokstaveleg. Kva gjer dette med dei unge i dag og deira behov for innhald i norskfaget?
Skaftun og Penne hevdar at dei unge i dag treng reiskapar til å tolke inntrykka dei får, for å bli best mogleg rusta til å møte verda og ikkje minst forstå språkleg kommunikasjon.  I bøkene sine legg dei fram ein del teoriar rundt temaet. 
Skaftun seier at skjønnlitteratur ikkje lenger er ein sjølvsagt del av barn og unge sine liv. I dag ser barn og unge på TV framføre å lese ei bok. Men han hevdar vidare at det er viktig å arbeide med skjønnlitteratur, for å lære om metodar og tenkemåtar som er nyttig andre stadar i livet. Skaftun meiner elevane treng å utvikle literacy, eit omgrep han legg fram ulike definisjonar for. Han seier blant anna at omgrepet er i stadig endring og at det er ein metafor for kompetanse. (Skaftun 2009: 39) Bill Green sin modell samanfattar omgrepa språk, meining og kontekst som literacy. Dette er kanskje den modellen som enklast illustrerer omgrepet, noko eg er einig i. (Skaftun 2009: 39)
Skaftun gjer kort oppsummert greie for ei rekke med teoriar om literacy, skriftkulturelle praksisar, ferdigheiter og litteraturfagsteoriar. (Skaftun 2009: 88) Noko av poenget hans med å gjere dette er å få oss til å tenke over undervisninga vår og ikkje la oss påtvinge nye metodar utan å tenke sjølve.  Kva er best for elevane? Nett dette er noko me lærarar treng å høyre i og med at me heile tida får nye metodar me skal bruke i undervisninga frå leiinga ved skulen, men det er ikkje dermed sagt at desse metodane er betre enn dei me allereie brukar. Samstundes er det viktig å ha evna til omstilling, for å drive ei best mogleg undervisning for elevane i den stadig omskiftande verda. Har du ikkje evna til å omstille deg, så er det ikkje lett å vere lærar. Men etter klokka har ringt er det ikkje lett å setje seg ned og lese metodikk og didaktikk. Det viktigaste blir prioritert fyrst og det er undervising, planlegging og vurdering,  og då er det ikkje mykje tid att til lese faglitteratur, reflektere over dette og setje desse nye metodane ut i live i undervisinga. Eg vil ha konkrete metodar.  
I høve til Skaftun synest eg at Penne er ein god del meir konkret. Ho gjev oss ein del døme frå klasseromet på metodar som kan brukast i undervisinga, for å opparbeide evna til literacy. Penne definerer literacy som: ”et uttrykk for det metaspråket vi alle trenger for å kunne tolke og forstå både litteratur, film og den verden vi lever i” kort og greit. (Penne 2010: 16) ”Forskning viser at det er en forståelse i bøkenes verden som er og blir forutsetningen for hvordan barn og unge kan nyttiggjøre seg andre medier.” (Tønnesen 2000/Penne 2010: 18) Barn og ungdom treng no som før gode døme på situasjonar i livet, for å skape gode haldningar til korleis dei skal handtere livet. Dette må me gje dei gjennom litteraturundervising der me tolkar og forklarar saman med dei og ikkje bare overlet dei til å finne ut av ting sjølve. Dei treng å opparbeide evna til tolking saman med læraren. Penne gjer og greie for forsking som seier at det er svært viktig for barn kva slag forhold til lesing dei har fått med seg heimanfrå og at mor sin yrkesstatus er viktig for deira evne til å lære. (Penne 2010: 34 og 31) Denne forskinga syner oss kva som gjer det lettare for nokre born å ta i mot lærdom på skulen, men verda forandrar seg.
Medan eg las bøker då eg var ung ser elevane i dag på TV.  Penne seier og at norskfaget før handla om språk og litteratur, medan det i dag handlar om å vere i stand til ”å handtere det multimodale livet i informasjonssamfunnet.” (Penne 2010: 26-27) Dette treng norsklærarane å ta inn over seg i større grad. Korleis skal me undervise elevane for at dei skal bli best mogleg rusta for livet? Korleis skal me få elevane til å sjå det dei ser på TV som fiksjon og ikkje sanning? Korleis skal me få dei til å tolke det dei ser? Teoretikarane Robert Scholes og James Paul Gee inkluderer omgrepet moderne media i si tolking av omgrepet literacy: ”å være i stand til å tolke, forstå og skape sekundærdiskurser.” (Penne 2010: 46) Scholes meiner den raude tråden i tekstarbeidet bør vere språk, form og retorisk forføring. (Penne 2010: 46) Dei grunnleggande ferdigheitene i K06 støttar opp om nettopp dette Scholes seier. Eg vil og sei meg einig med Penne om at K06 vektlegg ferdigheiter framføre innhald med vekt på metaspråkleg kompetanse og retoriske perspektiv. (Penne 2010: 19) Korleis kan eg arbeide med dette?
Scholes skisserer eit undervisingsopplegg for engelsk i high school som eg kan tenke meg å prøve med nokre elevar eg underviser i norsk når dei startar på vg2 (yrkesfag). Men for å gjennomføre opplegget vil eg gjerne ha ein time eller to til i veka, for å forsterke læringsprosessen deira. Opplegget dekker meir eller mindre alle måla i norsk for vg1 studieforebuande og vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram i K06. Scholes sitt undervisingsopplegg har seks delar:
1.       Voices of modern culture.
2.       ”Stranger in the Village”: Encountering the Other, Being the Other.
3.       Cultures and Voices in a Single Text.
4.       Inheriting Earlier Voices. *
5.       Film, Language and Culture.
6.       Mediating Culture/The Representation of Events and People.
*Eg har meir eller mindre prøvd dette med ei klasse i u-skulen. Me brukte ikkje åtte veker på å dramatisere heile ”Tatt av kvinnen”, men det gav elevane heilt klart eit godt læringsutbytte å ha lest romanen og dramatisert delar av han før dei såg teaterstykket i Oslo. Dei gjekk ut av Oslo Nye Teater og var fornøgde samstundes som dei samanlikna sine dramatiseringar med korleis teaterstykket var gjort. Det kan vel kallast danning?
Målet med metoden er å bli betre til å lese og skrive, men også å utvikle literacy. (Penne 2010: 47-49) For å gjere elevane betre rusta til å tolke verda er det og  viktig at me lærarar utviklar eit tolkingsfellesskap og ein god skrivekultur (viss det ikkje allereie er det i klassa)slik at elevane veit kva som forventast av dei, og kva dei skal skrive og korleis dei skal skrive. Gjennom å ha klare mål for arbeidet medan ein arbeider etter metoden er det og lettare for både elev og lærar å sjekke validiteten av arbeidet. Me bør søke å oppnå målet om literacy, for å gje elevane best moglege reiskapar til livet. Georg Brandes sa det treffande: ”Det er, naar Alt kommer til Alt, langt mindre vigtigt hvad man læser, end at man læser det Læste godt” (Brandes 1908: 20/Skaftun 2009: 7)


søndag 30. januar 2011

Kva er samanhangen mellom læring og vurdering og korleis blir dette forstått i dag?

I denne vesle drøftinga vil eg bruke omgrepa  operasjonalisering som eg forstår som KVA og KORLEIS ein underviser, formativ vurdering som er det same som undervegsvurdering, og kompetanse som  er det me kan/det me har lært. Eg vil og ta i bruk døme frå mi erfaring som lærar.
Då den norske skulen vart fødd med den fyrste skulelova i 1739 var målet med skulen å bestå konfirmasjonen, eit enkelt og klart mål. Dette har endra seg totalt, men det er like viktig for elevane i dag at læraren har klare mål for undervisinga, veit korleis kunnskapsformidlinga skal formidlast og korleis resultatet av læringa skal målast, med andre ord korleis undervisinga blir operasjonalisert. På denne måten blir det tydeleg for elevane kva dei skal lære. Dette er noko ein heile tida må minne elevane på i det daglege arbeidet, men då ofte på ein meir konkret måte ved gje elevane delmål. Når eg les vurdering for læring ser eg at eg gjer dei tinga som sida fortel om, men eg brukar få av omgrepa på sida i daglegtala mi.
Omgrepet operasjonalisering har nok endra seg mykje frå eg sjølv var elev i grunnskulen og den vidaregåande skulen. I dag blir det fokusert på individet og at kvar og ein skal få tilpassa opplæring. Denne individfokuseringa fører og med seg at me som lærarar må gå grundigare inn i operasjonaliserings-og vurderingsprosessen.
Me brukar tre metodar for vurdering, normbasert vurdering (gruppevurdering), kriteriebasert vurdering (individbasert vurdering) og ipsativ vurdering (elevrelatert vurdering). Etter at me tok i bruk L97 meinte me her i Noreg at me vurdert elevane våre på ein god måte. Heilt til PISA-undersøkingane utover 2000-talet avdekte at det stod så som så til med lese-og rekneferdigheitene til elevane. Dette sette i gang ein ny diskusjon om skulen og om han var god nok. Dette resulterte i Kunnskapsløftet som kom i 2006. Med Kunnskapsløftet fekk me ein samanhangande læreplan for 1.-13.klasse for fyrste gong. Det blei lagt vekt på grunnleggande ferdigheiter og fagspesifikk kompetanse, undervegsvurdering og sluttvurdering. Den nye læreplanen var kriteriebasert med vurdering i alle fag. I 2009 lanserte udir prosjektet betre vurderingspraksis i bedre vurdering, for å betre vurderinga i norsk skule. Dette resulterte i vurdering for læring der blant anna formativ læring er ein viktig del.
Formativ vurdering er i utgangspunktet ein god måte å gje vurdering på sidan ein kan vurdere arbeidet eleven gjer der og då. Medan elevane gjer subjekt-verbal- øvingar i engelsken går eg rundt og rettleiar dei og dei gjer uttrykk for å ha forstått regelen, for så å løyse neste oppgåve rett. Dette med formativ vurdering snakkar Fisher og Frey om i "Feed up, Back, Forward"” eller sagt på norsk ”oppovermelding, tilbakemelding og framovermelding” som Fjørtoft kallar det. På neste stil syner elevane ofte at dei likevel ikkje har forstått kompetansen som Fjørtoft føreles om. Dette er noko av det som gjer det så viktig at ein som lærar heile tida må vere i stand til å gjere endringar i undervisingsdesignen sin ikkje bare på grunn av nye læreplanar, men fyrst og fremst for at elevane sin kompetanse skal bli best mogleg som er einkvar lærar sitt store mål. Verda er i stadig endring og det må me heile tida ta med i undervisinga vår, sjølv om det ikkje alltid er like lett.

fredag 28. januar 2011

Hjelp, eg må blogge!

Ja, så må eg skrive blogg. Skumle greier. Las ein blogg der vedkomande var i bloggkrig med ein annan, og det var ganske heftig lesestoff. Målet med denne bloggen er å skrive om undervisningslære, så innhaldet kjem vel neppe til å bli like saftig. Tida vil vise.