I denne vesle drøftinga vil eg bruke omgrepa operasjonalisering som eg forstår som KVA og KORLEIS ein underviser, formativ vurdering som er det same som undervegsvurdering, og kompetanse som er det me kan/det me har lært. Eg vil og ta i bruk døme frå mi erfaring som lærar.
Då den norske skulen vart fødd med den fyrste skulelova i 1739 var målet med skulen å bestå konfirmasjonen, eit enkelt og klart mål. Dette har endra seg totalt, men det er like viktig for elevane i dag at læraren har klare mål for undervisinga, veit korleis kunnskapsformidlinga skal formidlast og korleis resultatet av læringa skal målast, med andre ord korleis undervisinga blir operasjonalisert. På denne måten blir det tydeleg for elevane kva dei skal lære. Dette er noko ein heile tida må minne elevane på i det daglege arbeidet, men då ofte på ein meir konkret måte ved gje elevane delmål. Når eg les vurdering for læring ser eg at eg gjer dei tinga som sida fortel om, men eg brukar få av omgrepa på sida i daglegtala mi.
Omgrepet operasjonalisering har nok endra seg mykje frå eg sjølv var elev i grunnskulen og den vidaregåande skulen. I dag blir det fokusert på individet og at kvar og ein skal få tilpassa opplæring. Denne individfokuseringa fører og med seg at me som lærarar må gå grundigare inn i operasjonaliserings-og vurderingsprosessen.
Me brukar tre metodar for vurdering, normbasert vurdering (gruppevurdering), kriteriebasert vurdering (individbasert vurdering) og ipsativ vurdering (elevrelatert vurdering). Etter at me tok i bruk L97 meinte me her i Noreg at me vurdert elevane våre på ein god måte. Heilt til PISA-undersøkingane utover 2000-talet avdekte at det stod så som så til med lese-og rekneferdigheitene til elevane. Dette sette i gang ein ny diskusjon om skulen og om han var god nok. Dette resulterte i Kunnskapsløftet som kom i 2006. Med Kunnskapsløftet fekk me ein samanhangande læreplan for 1.-13.klasse for fyrste gong. Det blei lagt vekt på grunnleggande ferdigheiter og fagspesifikk kompetanse, undervegsvurdering og sluttvurdering. Den nye læreplanen var kriteriebasert med vurdering i alle fag. I 2009 lanserte udir prosjektet betre vurderingspraksis i bedre vurdering, for å betre vurderinga i norsk skule. Dette resulterte i vurdering for læring der blant anna formativ læring er ein viktig del.
Formativ vurdering er i utgangspunktet ein god måte å gje vurdering på sidan ein kan vurdere arbeidet eleven gjer der og då. Medan elevane gjer subjekt-verbal- øvingar i engelsken går eg rundt og rettleiar dei og dei gjer uttrykk for å ha forstått regelen, for så å løyse neste oppgåve rett. Dette med formativ vurdering snakkar Fisher og Frey om i "Feed up, Back, Forward"” eller sagt på norsk ”oppovermelding, tilbakemelding og framovermelding” som Fjørtoft kallar det. På neste stil syner elevane ofte at dei likevel ikkje har forstått kompetansen som Fjørtoft føreles om. Dette er noko av det som gjer det så viktig at ein som lærar heile tida må vere i stand til å gjere endringar i undervisingsdesignen sin ikkje bare på grunn av nye læreplanar, men fyrst og fremst for at elevane sin kompetanse skal bli best mogleg som er einkvar lærar sitt store mål. Verda er i stadig endring og det må me heile tida ta med i undervisinga vår, sjølv om det ikkje alltid er like lett.